Telemarksavis kaller Skole-Petter Anna for «Ein sjeldan blom»

Bødialekt i Sameland

Ein samisk bloggar og «Senter for halsbrekkende samiske leker» trår til for å redde bødialekten i ny bok.

Omtale skrevet av Gro Røyland i Bø blad

Bokhausten 2015 byr på ein sjeldan blom med Elin Margrethe Wersland og Anna Anita Guttorm si humoristiske bok «Skole-Petter Anna og Det lattervekkende norske sirkus». Med tekst på samisk og norsk får me ei ellevill historie frå Bø og Sameland.

Tufteluft og Eira

Historia, som er rikt illustrert av Wersland, fortel om bloggaren Rosa-Rosa som brenn for å redde utdøyande dialektar. Blant andre bødialekten som er i faresona.
Saman med direktør for «Senter for halsbrekkande samiske leker», Skole-Petter Anna, inviterer ho bøheringar til Karasjok i ein hjelp til sjølvhjelp-aksjon. Dei inviterte er Harald Eira og Bård Tufteluft på Senter for søringar, som er lokalisert i rundkjøringa i Bø. Her er stemninga laber, for Bøherad sine dialektord og –uttrykk er i ferd med å bli borte. Nesten ingen hugsar lenger tydinga av «i hjå kån sjave» eller «dom tri».     
Eira og Tufteluft drar nordover til dei søkkrike samane, i håp om å reise pengar til dialektbevaring. Med i fylgjet er også den barmfagre Gunn-Leik frå Kviteseid og den staute ulefossingen Dag-Ny. I det spektakulære sirkusshowet frå Telemark får sjøsamar, reindriftsamar og aktivistane i «Vis samisk ånd» oppleve fistelstev, sjølvhøgtidelege telemarkskyr, lausdans og moro-same forteljingar. Til gjengjeld får Eira og Tufteluft vera med i NM i lavokasting.
Den blodferske boka er allereie presentert for lesarar i Karasjok, opplyser Wersland. Her gjekk historia og humoren rett heim.
 
Samisk dialekthjelp

Dette er andre boka om Skole-Petter Anna. Den fyrste, eit eventyr om samisk humor, kultur og namnetradisjon, er innkjøpt av samiske skular, barnehagar og bibliotek.  
«Skole-Petter Anna og Det lattervekkende norske sirkus» er retta mot ungdom og vaksne. Boka kommenterer samfunnet, overdriv, utfordrar og underheld, seier forfattar, religionshistorikar og journalist Elin Wersland.
At historia er lagt til Telemark og Sameland har si årsak. Wersland har vokse opp i Porsgrunn, med samisk mor frå Manndalen i Troms.
– Kvifor bødialekt?
– Eg las ein artikkel om at bødialekten er i ferd med å dø ut. Eg og Anna Anita (medforfattar, red. anm) er begge journalistar, og hobbyen vår er å snu nyheiter på hovudet. Det samiske språk har vore truga, og det går føre seg ein stor redningsaksjon. Me fann ut at samane kunne bruke si kompetanse for å redde bødialekten. Dialekt er ein viktig del av språket. Forsvinn dialektane, blir det norske språk fattig, seier Wersland.

Dialektkonsulentar frå Bø

I arbeidet med boka trong ho eksperthjelp på bødialekt. Ho sette fyrst sin lit til ein onkel frå Ulefoss, men det viste seg fort at han kom til kort. Dermed blei bøheringane Live Strand og Gunn Slettemo henta inn som dialektkonsulentar. På ferietur til Tromsø i sommar blei bøheringane tatt med på sightseeing av forfattarane. I bytte mot gode Bø-utrykk fekk Strand og Slettemo samiske gloser og møte med reisdyr.
Live Strand er opptatt av å ta vare på bødialekten, og ho synest det var moro å kunne bidra til boka.
– Det er jo artig å sette Bø på kartet. Og skulle det vera dialektuttrykk frå Bø med i boka, skulle det vera riktig, seier Strand.